1Då det leid mot slutten for David, sa han til Salomo, son sin:
2Men kong Salomo tok til orde og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongsmakta for han. Han er då storebror min, og har presten Abjatar og Joab, son til Seruja, på si side.»
23Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!
24Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Elis hus i Sjilo.
Joab blir drepen28 1,50 Då dette kom Joab for øyra – han hadde støtta Adonja, men ikkje Absalom – rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna.
29Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær altaret. Då sende han Benaja, son til Jojada, i veg og sa: «Gå og hogg han ned!»
30Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal koma ut.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»
Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara.
312 Mos 21,14Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farshuset mitt frå blodet til dei skuldfrie som Joab lét renna.
322 Sam 3,27; 20,10
Herren vil la blodet koma over hovudet hans! Han hogg ned to menn som var betre og meir rettferdige enn han: Abner, son til Ner, hærføraren i Israel, og Amasa, son til Jeter, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det.331 Mos 9,6; 2 Sam 3,27Måtte deira blod for alltid koma over Joab og ætta hans. Men David og ætta hans, huset og kongsstolen hans skal Herren gje fred til alle tider.»
34Så gjekk Benaja, son til Jojada, opp og hogg ned Joab og drap han. Han vart gravlagd på heimstaden sin i ørkenen.
351 Sam 2,35; 1 Krøn 29,22Kongen sette Benaja, son til Jojada, til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.
Sjimi blir drepen36Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort.
37Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, er du dømd til å døy. Blodet ditt skal renna over ditt eige hovud.»
38Sjimi svara kongen: «Ja vel, tenaren din skal retta seg etter din vilje, herre konge.» Og Sjimi vart buande lenge i Jerusalem.
39 1 Sam 27,2 Men då tre år var lidne, rømde to av Sjimis slavar til kongen i Gat, Akisj, son til Maaka. Då Sjimi fekk vita at slavane var i Gat,
40gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han gav seg i veg til Akisj i Gat for å krevja slavane sine tilbake. Sjimi fór av stad og henta slavane frå Gat.
41Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen tilbake.
42Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita for visst at den dagen du forlèt Jerusalem og går nokon annan stad, er du dømd til å døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier.
43Kvifor har du då ikkje halde din eid til Herren og det påbodet eg gav deg?
442 Sam 16,5ffDu kjenner til, ja, du veit i hjartet kor mykje vondt du har gjort mot David, far min. Herren lèt no vondskapen koma over ditt eige hovud.
45Men kong Salomo skal vera velsigna, og kongsstolen til David skal stå trygt for Herrens andlet til alle tider.»
46Så baud kongen Benaja, son til Jojada, gå ut og hogga han ned. Slik døydde Sjimi.
Og kongsmakta låg trygt i Salomos hand.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.