1 Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe,
og eit skot skal spira fram frå hans røter.
2
slik vatnet dekkjer havsens botn.
10 Den dagen skal Isais rotskot
stå som eit banner for folka.
Folkeslaga skal søkja han,
og hans bustad skal vera herleg.
Dei bortførte skal venda attende11 Den dagen skal Herren for andre gong
rekkja ut si hand og kjøpa fri
resten av folket sitt,
dei som er att frå Assur, Egypt, Patros, Kusj,
Elam, Sinear, Hamat og frå kystlanda.
12 Sal 147,2; Jes 18,3; 62,10 Han skal lyfta eit banner for folka,
samla dei fordrivne av Israel
og føra saman dei spreidde av Juda
frå verdsens fire hjørne.
13 Jer 3,18 Då skal Efraims misunning forsvinna
og Judas fiendskap ryddast ut.
Efraim skal ikkje misunna Juda
og Juda ikkje vera fiendtleg mot Efraim.
14Dei skal slå ned på skuldra til filistrane i vest,
saman skal dei plyndra folka i aust.
Dei skal leggja hand på Edom og Moab,
ammonittane må lyda dei.
15 2 Mos 14,22; Sak 10,11 Då skal Herren tørka ut
havbukta ved Egypt
og svinga handa over Storelva.
Med ein sterk storm
skal han kløyva elva i sju bekkefar
så ein kan gå tørrskodd over.
16 2 Mos 14,29ff; Mi 7,15 Og det skal vera ein veg
for den resten som er att
av Herrens folk frå Assur,
slik det var for israelittane
den dagen dei drog opp frå Egypt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.