1 Byen gjorde du til ei steinrøys,
festningsbyen til ein ruin.
Borga til dei framande er ingen by meir.
Aldri skal ho byggjast opp att.
3Difor skal eit mektig folk gje deg ære,
folkeslag i valdsmenns by skal frykta deg.
4 På dette fjellet
skal Herren over hærskarane
gjera i stand for alle folk
eit festmåltid med feite retter,
eit festmåltid med gammal vin,
med feite, mergfulle retter
og gammal, klåra vin.
7 29,10; 60,2; 2 Kor 3,15f På dette fjellet skal han sluka
sløret som slører til alle folk,
dekket som dekkjer til alle folkeslag.
8 Sal 126,5; 1 Kor 15,26.54; 2 Tim 1,10; Op 7,17; 21,4 Han skal sluka døden for evig.
Herren Gud skal tørka tårene frå kvart andlet.
Frå heile jorda skal han ta bort
vanæra til folket sitt.
For Herren har tala.
9 Sal 42,6; 48,15 Den dagen skal dei seia:
«Sjå, dette er vår Gud!
Vi vona på han, og han frelste oss.
Dette er Herren, vi vona på han.
Lat oss jubla og gleda oss over hans frelse!»
Moab går under10For Herrens hand skal kvila
over dette fjellet.
Men Moab skal han trakka ned
slik halm blir trakka ned i gjødselvatn.
11Der strekkjer han ut hendene
lik ein symjar som legg på sum.
Men Gud slår hans hovmod ned
sjølv om han kavar med hendene.
12 26,5 Dine høge festningsmurar bryt han ned,
riv dei ned til dei ligg på jorda, i støvet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.