1 Kong Og i Basan var den einaste av refaittane som var att. Senga hans står enno hos ammonittane i Rabba. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål.
Austjordanlandet blir delt mellom stammane12 dessutan Araba-sletta med Jordan som grense frå Kinneret-sjøen til Araba-sjøen, det vil seia Saltsjøen, ved foten av Pisga-liene i aust.
18 4 Mos 32,17 Den gongen gav eg dykk dette påbodet: «Herren dykkar Gud har gjeve dykk dette landet i eige. Krigarar! Væpna til strid skal de alle kryssa elva føre brørne dykkar, israelittane.
19Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk.
20Først når Herren har late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei òg har teke det landet som Herren dykkar Gud vil gje dei på den andre sida av Jordan, kan de fara heim att, kvar til sin eigedom som eg har gjeve dykk.»
21Samstundes gav eg Josva dette påbodet: «Med eigne auge har du sett alt det som Herren dykkar Gud har gjort med desse to kongane. Det same vil Herren gjera med alle dei kongerika du skal gå igjennom.
221,29–31; Jos 10,14.42Ver ikkje redd dei! For Herren dykkar Gud vil sjølv slåst for dykk.»
Moses får ikkje koma inn i landet23 4 Mos 27,12–23 Den gongen bad eg inderleg til Herren:
24Sal 86,8; 89,7«Herre vår Gud, du har byrja å syna ditt velde og di sterke hand for tenaren din. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du?
25Lat meg få koma over og sjå det gode landet på den andre sida av Jordan, dette fagre fjellandet og Libanon.»
264 Mos 20,12; 27,14; 5 Mos 1,37Men for dykkar skuld vart Herren harm på meg og ville ikkje høyra på meg. Herren sa til meg: «Det er nok. Snakk ikkje meir til meg om dette!
2731,2Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend auga dine mot vest og nord og sør og aust. Sjå deg omkring! For du skal aldri koma over Jordan.
2831,7; Jos 1,6Gjev oppdraget til Josva og gjer han modig og sterk! For det er han som skal føra dette folket over Jordan. Det landet du no ser, skal han gje dei til eige.»
29Så slo vi oss til der i dalen, midt imot Bet-Peor.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.