Esekiel 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Varsel om Jerusalems fall

1Du menneske, ta ein teglstein og legg han framfor deg! På den skal du rissa inn ein by – Jerusalem.

2Ta så kveite og bygg, bønner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trau og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.

10Maten du et, skal vega tjue sjekel om dagen. Dette får du å eta på eit døgn.

11Vatnet òg skal du drikka etter mål, ein sjettedels hin får du å drikka på eit døgn.

12Byggkaker skal du eta. Dei skal du steikja på menneskemøkk, rett framfor auga på folk.

13Og Herren sa: Slik skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til.

14 Eg svara: «Nei, min Herre og Gud, eg har aldri gjort meg urein. Frå ungdomen av og til no har eg aldri ete av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt er aldri kome inn i min munn.»

15Då sa han til meg: «Sjå, i staden for menneskemøkk lèt eg deg bruka kumøkk til å steikja brødet ditt på.»

16 Så sa han til meg: «Menneske, sjå, no bryt eg sund brødstaven i Jerusalem. Med uro skal dei eta brød etter vekt, og med skrekk skal dei drikka vatn etter mål.

17Når dei slepp opp for brød og vatn, skal kvar og ein bli slegen av redsle og forgå på grunn av si skuld.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help