Esekiel 39 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herren straffar Gog

1 Der er det òg ein by som heiter Hamona. Slik skal dei gjera landet reint.

17 Jer 12,9; Sef 1,7; Op 19,17f Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane, alt som har venger, og til alle ville dyr: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort slaktoffer på fjella i Israel. De skal få eta kjøt og drikka blod.

18Kjøt av heltar skal de eta og drikka blod av fyrstane på jorda, som var dei vêrar og lam, bukkar og oksar, gjøfe frå Basan, alle saman.

19De skal eta feitt til de blir mette og drikka blod til de blir drukne av offeret som eg slaktar for dykk.

20Ved mitt bord skal de bli mette av hestar og ryttarar, av heltar og alle slags krigarar, seier Herren Gud.

No vil eg venda Jakobs lagnad

21Eg vil visa min herlegdom mellom folkeslaga. Alle folkeslag skal sjå min dom som eg set i verk, og mi hand som eg legg på dei.

22Då skal Israels hus forstå at eg, Herren, er deira Gud, frå den dagen og i all framtid.

235 Mos 31,17ffOg folkeslaga skal forstå at Israels hus vart bortført på grunn av syndene sine. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd.

24Eg gjorde med dei etter deira ureinskap og brot; eg løynde andletet for dei.

25Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels hus. Eg brenn av lidenskap for mitt heilage namn.

26Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg når dei bur trygt i landet sitt og ingen skremmer dei.

27Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, vil eg gjennom dei visa meg heilag for auga på mange folkeslag.

28Då skal dei kjenna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei i eksil til folkeslaga, men fører dei atter saman i deira eige land. Eg lèt ingen av dei vera att der.

29Jes 32,15; 44,3; Joel 3,1Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei, for eg auser ut min Ande over Israels hus, seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help