1 Kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,
5Om syskenkjærleiken treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.
10Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp.
141 Kor 15,12ffFor så sant Jesus døydde og stod opp, og det trur vi, så skal òg Gud ved Jesus føra dei som har sovna inn, saman med han.
151 Kor 15,23Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som enno lever og blir att her heilt til Herren kjem, skal slett ikkje koma før dei som har sovna inn.
16Matt 24,31+; 1 Kor 15,52For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp.
17Joh 14,3; 17,24Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren.
18Trøyst kvarandre og set mot i kvarandre med desse orda!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.