1. Korintar 13 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Om eg talar med mennesketunger og engletunger,

men ikkje har kjærleik,

då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2 Matt 7,22; 17,20+ Om eg har profetisk gåve

og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,

og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,

men ikkje har kjærleik,

då er eg ingen ting.

3 Matt 6,2 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,

ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,

men ikkje har kjærleik,

då har eg ingen ting vunne.

4Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,

misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,

er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6 Rom 12,9 Han gleder seg ikkje ved urett,

men gleder seg ved sanninga.

7 Ordt 10,12; 1 Pet 4,8 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8Kjærleiken tek aldri slutt.

Profetgåvene skal bli borte,

tungene skal teia

og kunnskapen forgå.

9For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10Men når det fullkomne kjem,

skal det som er stykkevis, ta ende.

11Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.

Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12 2 Kor 5,7; 1 Joh 3,2 No ser vi i ein spegel, i ei gåte,

men då skal vi sjå andlet til andlet.

No skjønar eg stykkevis,

men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.

Og størst av dei er kjærleiken.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help