Esekiel 33 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Profeten som Israels vaktmann

1 Herrens ord kom til meg:

2Menneske, tal til folket ditt og sei: Når eg lèt sverd koma over eit land, vil folket der ta ein av sine eigne og setja han til vaktmann.

3Når han ser sverdet koma mot landet, blæs han i hornet og åtvarar folket.

4Om nokon som høyrer hornsignalet, ikkje lèt seg åtvara, så sverdet kjem og tek han, skal blodet hans koma over hans eige hovud.

5Han høyrde hornsignalet, men lét seg ikkje åtvara. Difor skal blodet hans koma over han sjølv. Om han hadde late seg åtvara, hadde han berga livet.

6Det kan henda at vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i hornet, så folket ikkje blir åtvara. Når sverdet kjem og tek livet av ein av dei, skjer det på grunn av skulda hans. Men blodet hans vil eg krevja av vaktmannens hand.

7 Det var i det tolvte året etter at vi vart bortførte, på den femte dagen i den tiande månaden. Då kom det ein flyktning frå Jerusalem til meg og sa: «Byen er teken.»

2224,27

Herrens hand var over meg kvelden før flyktningen kom. Han opna munnen min før han kom til meg om morgonen. Munnen vart opna, eg var ikkje mållaus lenger.

23 Herrens ord kom til meg:

24Jes 51,2; Esek 11,15; Mal 2,15Menneske, dei som bur mellom desse ruinane i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre éin, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»

25 3 Mos 17,10–14; 19,26 Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, de lyfter auga til avgudane dykkar, de auser ut blod, og så skulle de få eiga landet?

2622,11+De set dykkar lit til sverdet, de gjer avskyelege ting, de krenkjer kvinnene til kvarandre, og så skulle de få eiga landet?

27 6,12; 7,15 Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever, dei som er mellom ruinane, skal falla for sverd. Den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i grotter og hòler, skal døy i pest.

28Eg gjer landet audt og øyde, og det blir slutt på den stolte makta. Fjella i Israel skal liggja aude, ingen skal ferdast der.

29Dei skal kjenna at eg er Herren når eg gjer landet audt og øyde på grunn av alt det avskyelege dei har gjort.

30Du menneske! Dei av folket ditt som talar saman om deg ved murane og i døropningane, seier seg imellom, den eine til den andre: «Kom og høyr kva for eit ord som går ut frå Herren.»

31Jes 42,20; 53,1; Matt 7,26; Jak 1,22Så kjem folket til deg i flokk og følgje og set seg framfor deg. Dei høyrer orda dine, men dei lever ikkje etter dei. For dei lever etter løgna i sin eigen munn, og hjartet deira trår etter urett vinning.

32Sjå, du er for dei lik ein mann som syng kjærleiksviser med fager røyst til fin musikk. Dei høyrer orda dine, men lever ikkje etter dei.

332,5Men når det kjem – sjå, det kjem – då skal dei kjenna at ein profet har vore midt imellom dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help