1Halleluja!
Lovsyng Herren frå himmelen,
lov han i det høgste!
2 Lov han, du høgste himmel,
og vatnet over himmelen!
5 33,9+ Dei skal lova Herrens namn,
for han baud, og dei vart skapte.
6 Jer 31,35f; 33,25 Han gav dei sin stad for alltid,
fastsette ei ordning som ikkje forgår.
7Lovsyng Herren frå jorda,
store sjødyr og alle havdjup,
8 104,4 eld og hagl, snø og skodd,
stormvind som set hans ord i verk,
9fjell og alle haugar,
frukttre og alle sedrar,
10 150,6 ville dyr og alt fe,
krypdyr og fuglar med venger,
11kongar på jorda og alle folk,
stormenn og alle styresmenn på jord,
12unge menn og jenter,
gamle folk og gutar!
13 8,2 Dei skal lova Herrens namn,
berre hans namn er opphøgt.
Hans herlegdom er over himmel og jord.
14Han har reist opp eit horn av kraft for sitt folk
til ære for alle sine trugne,
for Israel, folket som er han nær.
Halleluja!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.