1Då tok alle israelittane ut, og heile forsamlinga kom saman for Herren i Mispa, alle som ein, frå Dan til Beer-Sjeba og frå Gilead-landet.
2Og hovdingane for heile folket, for alle Israel-stammane, møtte fram i forsamlinga av Guds folk. Det var fire hundre tusen fotfolk, våpenføre menn.
3Benjaminittane fekk høyra at israelittane hadde fare opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det gjekk til med denne ugjerninga!»
4Dei andre snudde og rømde ut i ørkenen, til Rimmon-berget. Israelittane nådde endå att fem tusen mann på landevegane. Så sette dei etter resten heilt til Gideom og hogg ned to tusen til.
46I alt fall det tjuefem tusen våpenføre menn av Benjamin den dagen; alle desse var krigarar.
47Seks hundre mann snudde og rømde ut i ørkenen, til Rimmon-berget. Der heldt dei til i fire månader.
48Men israelittane drog tilbake til Benjamin og øydde byen med odd og egg; alt dei kom over, hogg dei ned, både folket og feet. Og alle byane i landet sette dei eld på.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.