2. Korintar 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Tenarar for ei ny pakt

1 Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarta våre, kjent og lese av alle menneske.

3For de viser at de er Kristi brev, som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i hjarta, på tavler av kjøt og blod.

4Denne tilliten har vi til Gud ved Kristus.

5Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort.

15Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova.

16Rom 11,23.26

Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort.

17Joh 4,24; 8,36; Rom 8,2

Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.

18Rom 8,29Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.

Blog
About Us
Message
Site Map