1Dette sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»
2Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.
3Då kom Herrens ord til meg andre gongen:
4«Ta beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ein bergsprekk.»
5Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.
6Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!»
7Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå staden der eg hadde gøymt det. Og sjå, då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8Då kom Herrens ord til meg:
9Så seier Herren: Slik vil eg øydeleggja det store overmodet i Juda og i Jerusalem.
10Dette vonde folket nektar å høyra på mine ord, dei følgjer sitt eigenrådige hjarte og følgjer andre gudar for å tena dei og tilbe dei. Som beltet skal dei bli, det som ikkje duger til noko.
11Sei til kongen og kongens mor:
Set dykk lenger nede!
For den staselege krona
har falle av hovudet dykkar.
19Byane i Negev er stengde,
det er ingen som opnar.
Heile Juda er ført i eksil,
bortført til siste mann.
Jerusalems skam20 Lyft auga og sjå
dei som kjem frå nord!
Kvar er flokken du fekk,
dei staselege sauene dine?
21Kva vil du seia
når tiltrudde menn som du sjølv har lært opp,
blir sette til befalingsmenn over deg?
Då blir du gripen av rier
som ei fødande kvinne.
22 Kan ein frå Kusj skifta si hud
eller ein leopard sine flekker?
Då kunne òg de gjera godt,
de som er lærte opp til å gjera vondt.
24 Job 21,18; Sal 1,4 Eg skal spreia dei lik halmstrå
som fyk av stad med ørkenvinden.
25Det blir din lut,
den del eg måler opp for deg,
seier Herren,
fordi du gløymde meg
og sette di lit til løgn.
26Eg skal sjølv lyfta kjolekanten
opp over andletet på deg
så dei kan sjå di skam,
27ditt ekteskapsbrot, di vrinsking
og ditt skamlause horeliv.
Eg såg det motbydelege du dreiv med
på haugane og ute på marka.
Ve deg, Jerusalem, du som ikkje reinsar deg!
Kor lenge skal dette vara?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.