2. Mosebok 25 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Gåver til heilagdomen

1 Herren sa til Moses:

2onyks-stein og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket.

8Lat dei reisa ein heilagdom for meg, så vil eg bu midt iblant dei.

9De skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg.

11Du skal kle henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt henne.

12Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida.

13Du skal laga berestenger av akasietre og kle dei med gull,

14og stikka stengene inn i ringane på begge sider slik at de kan bera kista med dei.

15Stengene skal alltid vera i ringane på kista; dei må aldri takast ut.

16I kista skal du leggja vitnemålet som eg vil gje deg.

17 Du skal laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen lang og ei og ei halv alen brei.

18På kvar side av soningsstaden skal du laga to kjerubar av hamra gull,

19ein kjerub på den eine sida og ein kjerub på den andre sida. De skal laga dei slik at dei går i eitt med soningsstaden i begge endar.

20Kjerubane skal lyfta vengene og breia dei utover slik at dei dekkjer soningsstaden. Kjerubane skal vera vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.

21Så skal du leggja soningsstaden som lok på kista, og i kista skal du leggja vitnemålet eg skal gje deg.

22Du skal laga eit bord av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.

24Du skal kle det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.

25Så skal du laga ei list til bordet. Ho skal vera ei handsbreidd tjukk og gå heilt rundt. Rundt lista skal du laga ein gullkant.

26Du skal laga fire gullringar til bordet og setja ringane i dei fire hjørna ved dei fire føtene.

27Ringane skal vera inntil lista. Dei skal vera haldarar for stengene som er til å bera bordet med.

28Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.

29Til bordet skal du laga fat og skåler, kanner og bollar til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.

30Syt for at det alltid ligg skodebrød på bordet framfor andletet mitt!

Lysestaken

31 Lysestaken og alt utstyret skal lagast av ein talent reint gull.

4025,9+Sjå til at du gjer arbeidet etter den modellen som vart synt deg på fjellet!

Blog
About Us
Message
Site Map