4. Mosebok 15 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Matoffer og drikkoffer

1 Herren sa til Moses:

2Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i landet de skal bu i, det som eg vil gje dykk,

3og ber fram for Herren gåveoffer av storfe eller småfe til godange for Herren, anten det er eit brennoffer eller eit slaktoffer for å oppfylla ein lovnad, anten som frivillig gåve eller på ei av høgtidene dykkar,

4då skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein fjerdedels hin olje.

5Men er det ein vêr du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein tredjedels hin olje,

7og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Du skal ofra det til godange for Herren.

8Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer for å oppfylla ein lovnad eller som eit fredsoffer til Herren,

9då skal du saman med oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl blanda med ein halv hin olje.

10Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Det er eit gåveoffer til godange for Herren.

11Såleis skal de gjera med kvar okse eller vêr, kvart lam eller kje.

12Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr.

13Alle som er fødde i landet, skal gjera det slik når dei ber fram gåveoffer til godange for Herren.

14Og når ein innflyttar som bur blant dykk eller ein gong i framtida kjem til å bu mellom dykk, vil bera fram eit gåveoffer til godange for Herren, så skal han gjera det slik de gjer det.

15Men den som med lyft hand spottar Herren, skal støytast ut frå folket sitt, anten han er fødd i landet eller er innflyttar.

31For han har vist forakt for Herrens ord og brote hans bod. Det mennesket skal støytast ut; det må bera straffa for brotet sitt.

Straffa for å bryta sabbatsbodet

32Medan israelittane var i ørkenen, kom dei over ein mann som sanka ved på sabbatsdagen.

33Dei som fann han medan han sanka ved, førte han fram for Moses og Aron og heile forsamlinga.

343 Mos 24,12; 4 Mos 9,8Han vart sett i varetekt, for det var ikkje klårt kva som skulle gjerast med han.

352 Mos 31,14; 35,2f; 4 Mos 9,8Då sa Herren til Moses: «Mannen må døy. Heile forsamlinga skal steina han utanfor leiren.»

36Så førte heile forsamlinga han utanfor leiren og steina han til han døydde, slik Herren hadde pålagt Moses.

Duskane på kappeflikane

37 Herren sa til Moses:

385 Mos 22,12; Matt 23,5Tal til israelittane og sei til dei at dei gjennom alle slekter skal laga seg duskar på kappeflikane sine, og i kvar dusk skal dei setja ei snor av fiolett purpur.

39Slike duskar skal de ha. Kvar gong de ser på dei, skal de koma alle Herrens bod i hug, så de lever etter dei. De må ikkje følgja dykkar eigne hjarte og dykkar eigne auge, dei som lokkar dykk til å driva hor.

40Såleis skal de minnast alle boda mine og leva etter dei. De skal vera heilage for dykkar Gud.

412 Mos 20,2Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt for å vera dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help