Salmane 42 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Andre bokaSalme 42–72

1 Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.

2Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,

lengtar mi sjel etter deg, min Gud.

3 Dette minnest eg,

min lengsel vell fram:

Til Guds hus vandra eg i festskaren

med jubelrop og lovsong

– ein pilegrimsskare i fest.

6 Eg er sorgtyngd,

difor går min tanke til deg

frå Jordan- og Hermonlandet,

frå berget Misár.

8 69,3; 88,8 Djup ropar til djup

når dine fossar durar.

Alle dine bølgjer og brot

slår over meg.

9 92,3; 119,62 Herren sender si miskunn om dagen,

songen hans er hos meg om natta,

ei bøn til mitt livs Gud.

10 43,2 Eg seier til Gud, mitt berg:

«Kvifor har du gløymt meg,

kvifor må eg gå og sørgja

medan fienden plagar meg?»

11Mine fiendars hån går gjennom merg og bein.

Dagen lang spør dei meg: «Kvar er din Gud?»

12Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,

kvifor er du uroleg?

Eg vil venta på Gud!

Endå ein gong skal eg prisa han,

min frelsar og min Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help