1Ein annan gong på den tida var mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:
2«Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta.
3Lèt eg dei fara svoltne heim, blir dei reint utmatta på vegen; for somme av dei har kome langt bortanfrå.»
4«Kvar kan ein få tak i brød til å metta alle desse her i øydemarka?» svara læresveinane.
5«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei.
6Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane så dei skulle dela dei ut, og dei delte ut til folket.
7Nokre få småfiskar hadde dei òg. Jesus velsigna dei og sa at dei òg skulle delast ut.
8Dei åt og vart mette. Etterpå samla dei opp brødstykka som var til overs, sju store korger.
9Det var omkring fire tusen menneske der. Og han lét dei dra heim.
10Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og kom til bygdene ved Dalmanuta.
Krav om teikn(Matt 16,1–4)11 Då gav Jesus seg til å åtvara dei og sa: «Pass dykk og hald dykk unna surdeigen til farisearane og surdeigen til Herodes!»
16Men dei snakka seg imellom om at dei ikkje hadde brød.
17
De har øyre – høyrer de ikkje?
Hugsar de ikkje
19Jesus tok den blinde i handa og leidde han ut av landsbyen. Så spytta han på auga hans, la hendene på han og spurde: «Ser du noko?»
24Mannen såg opp og sa: «Eg ser menneske. For eg skimtar noko som liknar tre, som går omkring.»
25Så la Jesus på nytt hendene over auga hans. Då braut synet hans fram. Han vart god att og kunne sjå alt klårt.
26Og Jesus sende han heim. «Men gå ikkje inn i landsbyen °og sei det ikkje til nokon der•!» sa han.
Peters vedkjenning(Matt 16,13–20; Luk 9,18–21)27Sidan fór Jesus og læresveinane hans bort til landsbyane ved Cæsarea Filippi. På vegen spurde han læresveinane: «Kven seier folk at eg er?»
28«Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Peter: «Du er Messias.»
30Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen må lida mykje og bli vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»
32Dette tala han ope om. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette.
33Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»
Å følgja Jesus(Matt 16,24–28; Luk 9,23–27)34 Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg.
35For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det.
36Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?
37Og kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?
38Matt 10,33+; 25,31+For den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige slekta, skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin Fars herlegdom saman med dei heilage englane.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.