1. Johannes 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Far. Det er Jesus Kristus, Den rettferdige.

2Og på dette veit vi at vi kjenner han: at vi held boda hans.

4Den som seier: «Eg er i han», må leva som Jesus levde.

7 Mine kjære, eg skriv ikkje eit nytt bod til dykk, men eit gammalt bod som de har hatt frå første stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.

8Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.

19Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga.

212 Pet 1,12Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga løgn kjem frå sanninga.

222,18+Og kven er løgnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Antikrist er den som fornektar Faderen og Sonen.

23Matt 10,33+; Joh 5,23Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen.

242,7Lat det då bli verande i dykk, det de har høyrt frå først av. For dersom det blir verande i dykk, det de har høyrt frå først av, blir de òg verande i Sonen og i Faderen.

25Joh 3,15; 6,40Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vill.

27Jer 31,34; 1 Joh 2,20Men den salven de har fått av han, blir verande i dykk, og de treng ikkje at nokon lærer dykk. For hans salve lærer dykk alt, og den er sann og utan løgn. Bli difor verande i han, slik de har lært.

Når Kristus openberrar seg

28 4,17 Ja, born, bli verande i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje bli bortviste med skam når han kjem att.

293,7.10Når de veit at han er rettferdig, skjønar de at den som gjer det som er rett, er fødd av han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help