Markus 15 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus for Pilatus(Matt 27,1–2.11–26; Luk 23,1–5.13–25; Joh 18,33–40; 19,6–16)

1 Med det same morgonen rann, og overprestane med dei eldste og dei skriftlærde, altså heile Rådet, hadde samrådd seg, tok dei si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.

2Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.

3Overprestane kom no med mange skuldingar mot han.

4Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.»

5Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.

8Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane.

9Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»

10For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han.

11«Krossfest han!» skreik dei tilbake.

14«Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»

15Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.

Soldatane spottar Jesus(Matt 27,27–31; Joh 19,2–3)

16 Soldatane førte no Jesus inn i borggarden i det som blir kalla pretoriet, og samla heile vaktstyrken.

17Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans.

18Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du konge over jødane!»

19Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han.

20Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.

Jesus blir krossfest(Matt 27,32–44; Luk 23,26–43; Joh 19,17–27)

Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han.

21Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene.

22Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden.

23Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.

24Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han.

26Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».

27Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans.

28°Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar.

29Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen.

34Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:

«Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»

Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

35Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»

36Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.»

37Men Jesus ropa høgt og anda ut.

38Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned.

39Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!»

40 Det var òg nokre kvinner der som stod langt unna og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.

41Dei hadde følgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.

Jesus blir gravlagd(Matt 27,57–61; Luk 23,50–56; Joh 19,38–42)

42 Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld.

43Josef frå Arimatea, ein høgt akta rådsherre som sjølv venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp.

44Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge.

45Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket.

46Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga.

47Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.

Blog
About Us
Message
Site Map