1. Korintar 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Dei rettane som apostlane har

1 Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande syster som kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?

6For i Moselova står det skrive: Du skal ikkje binda for mulen på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsorg for?

10Er ikkje dette sagt fullt og heilt med tanke på oss? Jau, for vår skuld er det skrive. For den som pløyer, skal pløya med håp, og den som treskjer, skal gjera det med håp om å få sin del.

11Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen!

25Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg.

26Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.

27Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.

Blog
About Us
Message
Site Map