1 Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid:
17Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.
18Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.
197,33f; 16,16Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.
2010,38+Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»
22 Apg 10,40f Judas – ikkje Judas Iskariot – seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»
23Op 3,20Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han.
247,16+Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg.
25Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk.
2614,16+; 1 Joh 2,20.27Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.
Kristi fred27 Ef 2,14; Fil 4,7 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!
2813,1+De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg.
2913,19No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender.
3012,31Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk, for han som herskar over denne verda, kjem. Han har inga makt over meg.
31Matt 26,46Men for at verda skal skjøna at eg elskar Far, og fordi Far har bode meg det, gjer eg som Far seier. Reis dykk, lat oss gå herifrå!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.