Jesaja 38 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kong Hiskias sjukdom

1 Eg sa:

Eg får ikkje sjå Herren,

Herren i landet til dei levande.

Eg får ikkje sjå eit menneske meir

av dei som bur i verda.

12 Job 6,9; 7,6 Min bustad blir broten ned,

teken bort ifrå meg

som teltet til ein gjetar.

Eg rullar saman mitt liv

som ein vevar,

frå renninga

skjer han meg laus.

Før dagen blir natt,

gjer du ende på meg.

13Eg ropar om hjelp

til morgonen kjem.

Som ei løve knasar han

alle mine knoklar.

Før dagen blir natt,

gjer du ende på meg.

14 Job 17,3; Sal 119,122; Jes 59,11; Esek 7,16; Nah 2,8 Eg pip som svala og trasta,

eg klynkar som ei due.

Hjelpelaus ser eg

mot det høge.

Herre, eg er pressa,

gå god for meg, du!

15Kva skal eg seia?

Han har tala til meg,

han har gjort sitt.

Bitter til sinns må eg vandra

alle mine år.

16 5 Mos 8,3; Matt 4,4 Herre, ved dette lever dei,

og ved alt dette

lever mi ånd.

Gjer meg frisk

og lat meg leva!

17 Sal 30,4; 86,13; 116,3ff; Mi 7,19 Sjå, til fred vart det bitre,

det som var så bittert for meg.

Du har redda mi sjel

frå øydeleggings grav.

For du har kasta alle syndene mine

bak din rygg.

18 Sal 6,6; 88,11ff; 115,17 Dødsriket takkar deg ikkje,

døden lovsyng deg ikkje,

dei som har gått i grav,

ventar ikkje på din truskap.

19 Sal 48,13f; 78,4ff; 145,4; Joel 1,3 Den levande,

den levande er det

som takkar deg

slik eg gjer i dag.

Ein far fortel borna sine

om din truskap.

20 Sal 63,5; 104,33; 146,2 Herren vil frelsa meg.

Lat oss spela på harpe

framfor Herrens hus

så lenge vi lever.

21 2 Kong 20,7 Jesaja sa: «Hent ei fikenkake og legg henne til plaster på byllen, så blir han frisk!»

22Då sa Hiskia: «Kva skal eg ha til teikn på at eg kan gå opp til Herrens hus?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help