1 Herrens ord kom til meg:
2Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Det du ber på, er fyrsten i Jerusalem og heile Israels hus, dei som er der.
11Sei: Eg er eit varsel for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med dei i byen. Dei skal fara i eksil, i fangenskap skal dei fara.
12I mørkret skal fyrsten som er hos dei, ta tinga sine på aksla og dra ut. Dei skal bryta hol i veggen og føra han ut. Andletet skal han dekkja til så han ikkje kan sjå landet med auga.
13Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane blir mange, alle syn slår feil.»
237,7Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Men sei til dei: Dagen er nær, kvart syn slår til.
24For ingen skal lenger ha tomme syn eller koma med falske spådomar i Israels hus.
25Det er eg, Herren, som talar, og det ordet eg talar, skal skje, det skal ikkje utsetjast lenger. For i di tid, du trassige ætt, talar eg mitt ord og set det i verk, seier Herren Gud.
26Og Herrens ord kom til meg:
27Menneske, høyr! Israels hus seier: «Det synet han ser, gjeld langt fram, det er fjerne tider han profeterer om.»
28Jer 1,11fDifor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Ingenting av det eg har sagt, skal utsetjast lenger. Når eg talar eit ord, skal det skje, seier Herren Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.