Joel 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Lovnaden om Anden

1 Då skal kvar den som kallar på Herrens namn, bli berga.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast berging,

som Herren har sagt.

Og mellom dei overlevande

er dei som Herren kallar.

Herrens dom over folka

6 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt

8 de selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane for å føra dei langt bort frå landet sitt.

12Sjå, no vekkjer eg dei frå staden de har selt dei til, og lèt det de har gjort, koma over dykkar eige hovud.

13Og eg vil la judearane selja sønene og døtrene dykkar. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk langt borte. For Herren har tala.

14Rop dette ut mellom folka,

lys heilag krig, vekk krigarane!

Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15 Larm og atter larm i Dommens dal,

for Herrens dag er nær i Dommens dal.

20 Den dagen skal det skje

at fjella dryp av druesaft

og haugane fløymer med mjølk,

og i alle bekkefar i Juda

skal det renna vatn.

Ei kjelde skal vella fram frå Herrens hus

og vatna Akasiedalen.

24Egypt skal bli til ei øydemark

og Edom til ein aud ørken

på grunn av valdsverket mot judearane,

fordi dei spilte skuldlaust blod i sine land.

25Men i Juda skal det alltid bu folk,

og i Jerusalem slekt etter slekt.

26 Eg vil hemna deira blod

og ikkje spara dei skuldige.

Herren bur på Sion.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help