1 Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda.
10
11 Men han svara: «Mor mi og syskena mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.»
Jesus stiller stormen(Matt 8,23–27; Mark 4,35–41)22Ein dag steig han ut i ein båt saman med læresveinane. «Lat oss fara over til andre sida av sjøen», sa han. Så la dei utpå,
23og medan dei var ute på sjøen, sovna han. Då kom det ein kvervelstorm kastande over sjøen, båten heldt på å gå full av vatn, og dei var i stor fare.
24No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea.
27Då han gjekk i land, kom ein mann frå byen der mot han. Han hadde vonde ånder i seg. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han budde ikkje i hus, men heldt til i gravhòlene.
28Då han fekk sjå Jesus, sette han i å ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg bed deg at du ikkje må pina meg!»
29– For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut av mannen. Ho hadde hatt makt over han i lange tider. Ofte hadde dei bunde han med lenkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda og vart driven ut i øydemarka av den vonde ånda. –
30«Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion», svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han.
31Og dei bad Jesus at han ikkje måtte by dei å fara ned i avgrunnen.
32No gjekk det ein stor griseflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i grisene. Det gav han dei lov til.
33Då fór dei vonde åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.
34Men då dei som gjette grisene, såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det inne i byen og ute på landet.
35Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.
36Men dei som hadde sett på, fortalde korleis han som hadde hatt dei vonde åndene, vart frisk att.
37Då bad heile folkemengda frå Gerasenar-bygdene at Jesus måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og han gjekk i båten og fór attende.
38Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han bort og sa:
39«Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.» Så gjekk han av stad og forkynte i heile byen kva Jesus hadde gjort for han.
Dotter til Jairus og kvinna som rørte ved Jesu kappe(Matt 9,18–26; Mark 5,21–43)40Då Jesus vende attende, stod folkemengda og tok imot han, for alle hadde venta på han.
41Ein mann som heitte Jairus, kom fram; han var forstandar for synagogen. Han kasta seg ned for føtene til Jesus og bad han inderleg om å koma heim til seg.
42For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gammal, låg for døden. Då Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.
43 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. °Alt ho eigde, hadde ho brukt på legar,• men ingen hadde greidd å gjera henne frisk.
44Ho nærma seg Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans, og med ein gong stansa blodet.
45«Kven var det som rørte ved meg?» spurde Jesus. Ingen ville svara. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.»
46Alle gret og jamra over henne. Men han sa: «Gråt ikkje! Ho er ikkje død, ho søv.»
53Dei berre lo av han, for dei visste at ho var død.
547,14Men han tok henne i handa og ropa: «Barnet mitt, stå opp!»
55Då vende livsanden hennar attende, og ho reiste seg opp med ein gong. Og han sa at dei skulle gje henne mat.
56Foreldra var reint ifrå seg av undring. Men Jesus forbaud dei å tala til nokon om det som hadde hendt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.