1. Krønikebok 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Ny krig med ammonittane og filistrane

1 Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, tok Joab ut med hærstyrken og herja ammonittlandet. Han kom til Rabba og kringsette byen. Sjølv sat David heime i Jerusalem. Men Joab tok Rabba og øydela byen.

2David tok krona av hovudet på kongen deira. Han fann ut at ho var av gull og edelstein, og at ho vog ein talent. No kom ho på Davids hovud. Frå byen tok han òg med seg eit stort hærfang.

3Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og øksar. Slik gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.

4 Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempehøg mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han høyrde òg til Rafa-slekta.

7Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.

8Desse mennene høyrde til Rafa-slekta i Gat. David og mennene hans felte dei.

Blog
About Us
Message
Site Map