1 Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.
5Joh 15,19Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.
6Joh 8,47; 18,37Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.
Gud er kjærleik7 2,29; 5,1 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
for kjærleiken er frå Gud,
og kvar den som elskar, er fødd av Gud
og kjenner Gud.
8 4,16 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
for Gud er kjærleik.
9 Joh 3,16 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han.
10 Rom 3,25+; 5,8 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
men at han har elska oss
og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
11 Matt 18,33 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.
122 Mos 33,20; Matt 11,27; Joh 1,18; 5,37; 6,46; 14,9Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 3,24 At vi blir i han og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.
14Joh 3,17; 4,42Og vi har sett og vi vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda.
15Matt 16,16; 1 Joh 2,23; 5,5Om nokon vedkjenner at Jesus er Guds Son, blir Gud verande i han og han i Gud.
164,8Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.
17 2,28 I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda.
18Rom 8,15Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken.
194,10Vi elskar fordi han elska oss først.
202,11; 3,15.17Den som seier: «Eg elskar Gud», men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett.
21Matt 22,36ffOg dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må òg elska bror sin.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.