Salmane 21 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Til korleiaren. Ein salme av David.

2

4 132,18 Du møter og velsignar han med det som godt er,

og set ei krone av reint gull på hans hovud.

5 18,51+ Han bad deg om liv,

du gav han levedagar som aldri tek slutt.

6Stor er hans ære, for du frelser han,

høgd og herlegdom gjev du han.

7 45,3; 72,17 Frå deg får han evig velsigning,

du fyller han med fryd når du er nær.

8For kongen set si lit til Herren.

Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.

9Di hand skal nå alle dine fiendar,

di høgre hand skal nå dei som hatar deg.

10 97,3; Mal 4,1 Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg.

Herren skal sluka dei i sin vreide

og elden eta dei opp.

11 109,13 Deira frukt skal du rydda ut frå jorda,

deira ætt blant menneskeborna.

12Når dei legg vonde planar mot deg

og tenkjer på svik,

skal dei ikkje lukkast.

13Du får dei til å rømma,

du spenner bogen mot dei.

14Ver opphøgd, Herre, i di makt!

Vi vil spela og syngja om dine storverk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help