Salmane 74 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Du slo sund hovuda til Leviatan

og gav han til føde for folket i ørkenen.

15 2 Mos 17,6; Sal 78,15f; 105,41 Du braut veg for kjelder og bekker,

du tørka ut mektige elvar.

16 1 Mos 1,14ff; Sal 136,7ff Din er dagen, og di er natta,

du sette himmellysa og sola på plass.

17Du fastsette alle grenser på jorda,

sommar og vinter er det du som har skapt.

18Hugs dette: Fienden spottar Herren,

eit folk av dårar foraktar ditt namn.

19Gjev ikkje turteldua di til villdyr,

gløym aldri dine armingars liv!

20 3 Mos 26,44f Vend blikket mot di pakt!

Landet er fullt av mørke stader

der valden bur.

21Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam,

lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn!

22 7,7+ Reis deg, Gud, og før di sak!

Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.

23Gløym ikkje ropet frå dine fiendar,

larmen som alltid stig

frå dei som står deg imot.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help