Job 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Den andre prøva

1 Men Klagaren svara: «Hud for hud! Ein mann gjev jo alt han eig, for livet sitt.

5Då dei tre venene til Job fekk høyra om alt det vonde som hadde kome over han, kom dei til han, kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama. Dei møttest for å sørgja med han og for å trøysta han.

12Medan dei enno var eit stykke borte, fekk dei auge på han; men dei kjende han ikkje att. Dei brast i gråt, reiv sund kappene sine og kasta støv over hovudet.

13Så sat dei hos han på jorda i sju dagar og sju netter. Ingen sa eit ord til han, for dei såg at hans smerte var stor.

Blog
About Us
Message
Site Map