Sefanja 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Eg utryddar dei som tilbed

himmelhæren på taka,

dei som tilbed Herren og sver ved han

og samtidig sver ved Milkom,

6

og ikkje spør han til råds.

7 Den dagen, seier Herren,

skal det høyrast skrik frå Fiskeporten,

jammer frå Nybyen

og eit høgt klagerop frå høgdene.

11 Hyl, de som bur i Nedrebyen,

for heile kremmarfolket er gjort til inkjes,

utrydda er alle som vog opp sølv.

12På den tida skal

eg gjennomsøkja Jerusalem med lys

og straffa mennene der,

dei som sit sløve i sin vinrus

og seier i sitt hjarte:

«Herren gjer korkje godt eller vondt.»

13 5 Mos 28,30f; Am 5,11; Mi 6,15 Det dei eig, skal plyndrast

og husa deira øydeleggjast.

Byggjer dei hus, får dei ikkje bu i dei,

plantar dei vinmarker, får dei ikkje drikka vinen.

Herrens dag er nær

14 Jes 13,9ff; Esek 30,3; Joel 1,15; 3,19 Nær er Herrens store dag;

han er nær og kjem med hast!

Høyr, beisk er Herrens dag,

då ropar krigaren høgt.

15 Jer 30,7; Joel 2,2.10f; Am 5,18ff Ein vreidedag er den dagen,

ein dag med naud og trengsle,

ein dag med øydelegging og herjing,

ein dag med mørker og dimme,

ein dag med skyer og skodde,

16ein dag med hornlåt og hærrop

mot festningsbyar,

mot høge borgtårn.

17Då vil eg senda trengsle

så folk går som i blinde,

for dei har synda mot Herren.

Blodet deira skal tømmast ut som slam

og innvolane deira som møkk.

18 Job 20,20; Ordt 11,4; Esek 7,2ff Sølv og gull kan ikkje berga dei

på Herrens vreidedag.

Elden frå hans lidenskap skal øyda heile jorda.

For han utryddar,

ja, han gjer brått ende på

alle som bur på jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help