Markus 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Han gjekk inn i synagogen att. Der var det ein mann som hadde ei visna hand.

2Og dei heldt auge med Jesus om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for.

3Men han sa til mannen med den visne handa: «Reis deg og kom fram!»

4Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.

Folket flokkar seg kring Jesus(Matt 4,23–25; Luk 6,17–19)

7Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea

8og Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde.

9Han peika ut tolv, °som han òg kalla apostlar,• for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna

15og ha makt til å driva ut vonde ånder.

16°Han peika ut dei tolv:• Det var Simon, som han kalla Peter,

17Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner –

18og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos

19og Judas Iskariot, han som sveik han.

Jesu makt over vonde ånder(Matt 12,22–32; Luk 11,14–23)

20 Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»

23Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan?

24Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande,

25og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande.

26Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han.

27Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar.

29Det sat ein stor flokk omkring han, og dei sa til han: «Mor di og brørne dine °og systrene dine• står utanfor og spør etter deg.»

33Jesus svara: «Kven er mor mi og syskena mine?»

34Og han såg på dei som sat omkring han, og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine!

35Den som gjer Guds vilje, er bror min, syster mi og mor mi.»

Blog
About Us
Message
Site Map