Apostelgjerningane 10 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Peter og Kornelius

1 I Cæsarea budde det ein mann som heitte Kornelius, ein offiser i den hæravdelinga som vart kalla Den italiske.

2Han var ein from mann, og både han og huslyden hans var gudfryktige. Han gav ofte gåver til dei fattige i folket, og han bad alltid til Gud.

3 Ein dag ved den niande timen hadde han eit syn. Han såg tydeleg at ein engel frå Gud kom inn til han og sa: «Kornelius!»

4Kornelius stirte på han og spurde skjelvande redd: «Kva er det, herre?» Engelen svara: «Bønene dine og gåvene dine til dei fattige har stige opp til Gud og mint han om deg.

5Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon med tilnamnet Peter.

6Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen.

10Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom han i ekstase,

11Då sa Kornelius: «For tre dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg.

31‘Kornelius’, sa han, ‘Gud har høyrt bøna di og har kome i hug at du gjev til dei fattige.

32Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’

33Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. No står vi alle her for Guds andlet og vil høyra alt som Herren har pålagt deg å seia.»

34 Og vi er vitne om alt det han gjorde rundt om i landet til jødane og i Jerusalem. Han som dei hengde på eit tre og tok livet av,

40Hos 6,2; Matt 16,21+; Apg 2,24+; 1 Kor 15,4ffhan reiste Gud opp att tredje dagen og lét han syna seg,

41Luk 24,30.41ff; Joh 14,22; 21,12f; Apg 1,4ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud på førehand hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde.

42Joh 5,22; Apg 17,31; Rom 14,9f; 2 Tim 4,1; 1 Pet 4,5Og han baud oss forkynna dette for folket og vitna at han er den som Gud har sett til dommar over levande og døde.

43Jes 53,5f; Jer 31,34Alle profetane vitnar om han og seier at kvar den som trur på han, skal få tilgjeving for syndene ved hans namn.»

44Medan Peter endå tala, fall Den heilage ande på alle dei som høyrde Ordet.

45Dei truande av jødisk ætt som var komne dit saman med Peter, undra seg storleg over at Den heilage andens gåve var aust ut over heidningane òg.

462,4For dei høyrde at dei tala i tunger og lova Gud. Då sa Peter:

478,36«Desse har fått Den heilage ande slik som vi. Kan då nokon nekta dei vatnet og hindra at dei blir døypte?»

48Og han baud at dei skulle døypast i Jesu Kristi namn. Så bad dei han vera der nokre dagar.

Blog
About Us
Message
Site Map