1. Korintar 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Apostlane og tenesta

1 Her har eg brukt meg sjølv og Apollos som døme for dykk, sysken. Av oss skal de læra å «ikkje gå ut over det som står skrive», så ingen blæs seg opp og held med den eine framfor den andre.

7Men for meg ser det ut til at Gud har gjeve oss apostlar den lågaste plassen. Vi er som dødsdømde, stilte fram som eit skodespel for verda, både for englar og for menneske.

10Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring

12Matt 5,44; Apg 18,3+; Rom 12,14og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.

13Klag 3,45Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle – til denne dag.

14 1 Tess 2,11 Eg skriv ikkje dette for å gjera dykk skamfulle, men fordi de er mine kjære born, vil eg visa dykk til rette.

15Gal 4,19For om de har tusen lærarar i Kristus, har de ikkje mange fedrar. Og det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet.

1611,1; Fil 3,17; 1 Tess 1,6; 2 Tess 3,7Så legg eg dykk dette på hjartet: De må likna meg!

171 Tim 1,2+Difor sender eg Timoteus til dykk, mitt kjære og trufaste barn i Herren. Han skal minna dykk på mine vegar i Kristus Jesus, slik eg lærer overalt i alle forsamlingar.

18Nokre hos dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem til dykk igjen.

19Jak 4,15+Men eg kjem snart, om Herren vil, og då får eg verkeleg kjenna, ikkje orda, men krafta til desse oppblåsne folka.

202,4For Guds rike er ikkje ord, men kraft.

212 Kor 10,2Kva vil de? Skal eg koma til dykk med pisken eller med kjærleik og ei mild ånd?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help