1 Ver ikkje avgudsdyrkarar slik nokre av dei var, som det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.
8Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp?
1712,12+Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.
183 Mos 7,6.15Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret?
198,4Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko?
203 Mos 17,7; 5 Mos 32,17Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder.
212 Kor 6,15fDe kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.
225 Mos 32,21Eller vågar vi vekkja Herrens harme? Er vi sterkare enn han?
Samvit og fridom23 6,12 Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.
24Rom 15,2; Fil 2,4Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre.
25Alt som blir selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt.
26Sal 24,1
For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til.27Om ein av dei som ikkje trur, bed dykk heim til seg, og de gjerne vil koma, så et med godt samvit alt som blir sett fram for dykk, utan å spørja kva det er.
288,7ffMen seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.
29Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømmast av samvitet til ein annan?
301 Tim 4,3fOm eg tek imot dette med takk, kvifor skal eg då klandrast for det som eg takkar Gud for?
31Kol 3,17Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!
32Lat korkje jøde eller grekar eller Guds kyrkje få noko å støyta seg på!
33Rom 15,2; 1 Kor 9,19fEg prøver sjølv å vera alle til lags på alle vis. Eg søkjer ikkje mitt eige beste, men det som er best for andre, så dei kan bli frelste.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.