Jesaja 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Takkesalme

1 11,11ff Den dagen skal du seia:

Eg takkar deg, Herre!

For du var harm på meg,

men harmen snudde,

og du trøysta meg.

2 2 Mos 15,2; Sal 118,14 Sjå, Gud er mi frelse,

eg er trygg og fryktar ikkje.

For Herren er min styrke og min song,

og han har vorte mi frelse.

3 44,3; 55,1; Joel 3,1; Joh 4,14; 7,37ff Med glede skal de ausa vatn

or kjeldene til frelse.

4 1 Krøn 16,8; Sal 105,1 Den dagen skal de seia:

Lovpris Herren, kall på hans namn!

Gjer gjerningane hans kjende mellom folka,

forkynn at hans namn er opphøgt!

5Syng for Herren, for han har gjort storverk,

gjer dette kjent over heile jorda!

6 Sef 3,14ff; Sak 9,9 Rop høgt i jubel,

de som bur på Sion!

For Israels Heilage er stor,

han er midt iblant dykk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help