1 Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.
2 Men du er Den heilage,
som tronar over Israels lovsong.
5Til deg sette fedrane si lit,
dei leit på deg, og du fria dei ut.
6 Store oksar samlar seg om meg,
stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.
14 Hundar samlar seg om meg,
ein flokk av valdsmenn kringset meg.
Dei gjennomborar mine hender og føter.
18Kvart bein i kroppen kan eg telja.
Dei stirer, dei ser på meg.
19 Redd meg frå løvegap!
Du har berga meg frå villoksars horn.
23 26,12; 35,18; 40,10f; Hebr 2,12 Eg vil fortelja mine brør om ditt namn.
Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.
24 15,4 De som fryktar Herren, lov han!
Heile Jakobs ætt, gjev han ære!
Ha age for han, heile Israels ætt!
25 9,13+ For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus,
og ikkje vendt ryggen til den som lid.
Han løynde ikkje andletet,
men høyrde då han ropa om hjelp.
26 22,23+; 66,13f; 116,14 I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg.
Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han.
27 69,33; Jes 65,13f Dei hjelpelause skal eta og bli mette,
dei som søkjer Herren, skal lova han.
Måtte hjartet deira alltid leva!
28 72,11; 86,9; 102,22f Heile jorda skal minnast dette
og venda om til Herren.
Alle folk og slekter skal tilbe han.
29 47,9; 96,10 For kongeveldet høyrer Herren til,
han herskar over folka.
30 Fil 2,10 Alle mektige på jord skal tilbe han,
alle som stig ned i støvet,
skal bøya kne for hans andlet.
Men eg lever for han.
31 102,19 Mi ætt skal tena han.
Dei skal fortelja om Herren til komande slekter
32og kunngjera for eit folk som skal fødast,
at han har vist si rettferd.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.