1 Det vart meldt til Davids hus: «Aramearane har slege leir i Efraim.» Då skalv hjartet både hos kongen og folket, slik trea i skogen skjelv for vinden.
3 Då sa Herren til Jesaja: Gå ut, du og son din Sjear-Jasjub, og møt Ahas ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til vaskeplassen.
4Sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og mist ikkje motet for desse to utbrende og rykande vedskiene, for den brennande harmen til Resin og Aram og son til Remalja!
5Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt:
6«Lat oss dra opp mot Juda og setja skrekk i det, leggja det under oss og gjera Tabeels son til konge der»,
7Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.
15Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»
Torn og tistel18 Den dagen skal det skje
at Herren plystrar på flugene
attmed elveosane i Egypt
og på biene i Assur.
19Alle skal koma og slå seg ned
i bratte gjel og fjellkløfter,
i alle tornekratt
og på alle vatningsplassar.
20 10,5 Den dagen skal Herren barbera
med ein kniv han har leigd
på den andre sida av Storelva,
med kongen av Assur,
alt hår både på hovudet og mellom beina,
ja, skjegget òg skal kniven ta bort.
21Og den dagen skal ein mann kunna halda
ei kvige og eit par sauer,
22og dei skal gje så mykje mjølk
at han kan eta rømme.
Ja, rømme og honning skal dei eta,
alle dei som er att i landet.
23Og den dagen skal det skje
at kvar stad der det no er tusen vinstokkar,
verde tusen sjekel sølv,
skal det berre vera torn og tistel.
24Med pil og boge går ein dit,
for landet er fullt av torn og tistel.
25 5,17 Og alle liene som vart hakka opp med hakker,
dit kan du ikkje koma meir
av redsle for torn og tistel.
No skal oksar sleppast laus der,
og sauene skal trakka.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.