1 Herrens ord kom til Jona andre gongen:
2Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei ropa ut ei faste og kledde seg i sekkestrie, både store og små.
6Då kongen av Ninive fekk høyra om dette, reiste han seg frå tronstolen og tok av seg kongekappa. Han kledde seg i sekkestrie og sette seg i oske.
7Han lét ropa ut i Ninive: «Etter påbod frå kongen og stormennene hans: Ingen, korkje menneske eller dyr, storfe eller småfe, må smaka noko som helst. Dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn.
8Jer 4,8; 26,3Dei skal kle seg i sekkestrie, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt. Kvar og ein skal venda om frå sin vonde veg og sine overgrep.
9Joel 2,14Kven veit, kan henda vil Gud snu om og angra og venda seg bort frå den brennande vreiden sin, så vi ikkje går under.»
10 Jer 18,8; Am 7,3.6+ Gud såg det dei gjorde, at dei vende om frå sin vonde veg. Då angra Gud på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot dei, og han gjorde det ikkje.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.