Jesaja 23 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Tyros og Sidon

1 Bodskap om Tyros.

Klag, de Tarsis-skip!

Alt utsletta, husa borte!

Då dei kom frå kittearlandet,

fekk dei sjå det.

2Ver stille, de som bur ved kysten,

de kjøpmenn frå Sidon!

Sendeboda dine drog over havet,

3 over dei veldige vatna.

Sjihors såkorn

og Nilens kornhaust

gav byen inntekt,

han var marknadsplassen til folka.

4Skam deg, Sidon, du festning ved havet!

For havet seier:

«Eg har ikkje rier og føder ikkje,

eg fostrar ikkje gutar

og oppdreg ikkje jenter.»

5Når egyptarane får høyra om det,

skal dei skjelva som då dei høyrde om Tyros.

6 Dra over til Tarsis,

klag, de som bur ved kysten!

7 Sjå kaldearlandet!

Dei er folket, ikkje Assur.

Dei overlét byen til ørkendyr,

dei reiste sine kringsetjingstårn,

jamna borgene med jorda

og la byen i grus.

14Klag, de Tarsis-skip,

for festninga di er øydelagd.

15 Jer 25,11f; 30,14 På den tid skal Tyros bli gløymd i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når dei sytti åra er lidne, skal det gå Tyros som det heiter i visa om hora:

16Ta di lyre og gå rundt i byen,

du gløymde hore.

Spel vakkert,

syng alt du kan,

og folk vil minnast deg.

17Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyros. Då skal byen atter få horepengar og driva hor med alle kongerike på jorda.

18Sal 45,13; 68,32; Jes 60,4ff; Apg 21,3fMen den vinning og løn som byen får, skal vera heilag for Herren. Det skal ikkje samlast og ikkje gøymast. Dei som bur framfor Herrens andlet, skal få denne fortenesta, så dei kan eta seg mette og kle seg flott.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help