1 som det var på den tida eg sette dommarar over Israel, folket mitt, og gav deg fred for alle fiendane dine. No kunngjer Herren at han vil byggja eit hus for deg.
121 Kong 8,20; 2 Krøn 7,18Når dine dagar er til ende og du kviler hos fedrane dine, vil eg reisa opp din etterkomar, ein av ditt eige kjøt og blod, til å følgja etter deg. Eg vil grunnfesta kongedømet hans.
131 Kong 5,5; 6,12; 1 Krøn 28,6f; Sal 89,4fHan skal byggja eit hus for namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.
141 Krøn 22,10; Sal 89,27Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg. Når han gjer det som vondt er, vil eg straffa han med stokk og slag frå menneske.
151 Sam 15,26Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg.
16Ditt hus og ditt kongedøme skal stå fast til evig tid for mitt andlet, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.
17Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
David takkar Herren18 1 Krøn 17,16–27 Då gjekk kong David inn og sette seg framfor Herrens andlet. Han sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg så langt?
19Og endå var dette for lite i dine auge, Herre Gud. Du har gjeve huset til tenaren din lovnader langt fram i tida. Dette skal vera til rettleiing for menneska, Herre Gud.
20Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud.
21For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.
222 Mos 15,11; Sal 104,1Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med eigne øyre.
235 Mos 4,7.34Kven er som folket ditt, som Israel? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til for å fria ut og gjera til sitt eige. Han skapte seg eit namn og gjorde store og skremmande gjerningar for dykk – og for landet ditt. Du fria folket ditt ut av Egypt, frå folka og gudane deira.
245 Mos 7,6+Du fastsette at Israel, folket ditt, skulle vera ditt folk til evig tid. Og du, Herre, vart deira Gud.
25Lat no, Herre Gud, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, stå fast til evig tid, og gjer som du har sagt!
26Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren over hærskarane er Gud over Israel. Og huset til David, tenaren din, skal stå urokka for ditt andlet.
27For du, Herre over hærskarane, Israels Gud, har openberra dette for tenaren din: «Eg vil byggja eit hus for deg.» Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.
28Sal 33,4Herre Gud, du er då Gud, og dine ord er sanning. Du har gjeve tenaren din denne gode lovnaden.
29Måtte du frå no av velsigna huset til tenaren din så det alltid må bli ståande for ditt andlet. For du, Herre Gud, har tala. Med di velsigning vil huset til tenaren din vera velsigna til evig tid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.