Jesaja 17 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Damaskus og Efraim

1 Aroers byar blir forlatne,

der skal buskap kvila,

og ingen skal skremma dei.

3Efraim skal mista si borg

og Damaskus sitt kongedøme.

Med resten av Aram skal det gå

som med herlegdomen til israelittane,

seier Herren over hærskarane.

4Og den dagen

skal Jakobs herlegdom bli mindre

og den feite kroppen hans bli mager.

5 Det blir som når ein haustar korn

og handa samlar kornet

og skjer av aksa.

Det blir som når ein sankar aks

i Refa'im-dalen,

6som når ein slår ned oliven

og berre ein etterhaust blir att,

to–tre oliven øvst i treet

og fire–fem på greinene,

seier Herren, Israels Gud.

7Den dagen

vender mennesket blikket mot sin skapar,

auga ser mot Israels Heilage.

8 For du har gløymt Gud, din frelsar,

og ikkje hugsa det trygge berget ditt.

Difor kan du planta dei finaste hagar

og setja framande vinranker der,

11du kan få dei til å veksa den dagen du plantar,

til å spira den morgonen du sår,

men hausten sviktar den dagen sjukdom

og ulækjande skade kjem.

12 2 Kong 18,13ff; Jes 28,2 Ve! Eit drønn av mange folk,

eit drønn som når havet drønnar.

Ein larm frå folkeslag,

som larmen frå veldige vatn larmar dei,

13 Sal 65,8; 89,10 folkeslaga larmar som veldige vatn.

Men når han trugar dei,

flyktar dei langt bort.

Dei blir jaga som agner for vinden på haugane,

som tistlar for stormen.

14 2 Kong 19,35ff; Jes 14,25; 37,36ff Om kvelden er det redsle,

men før morgonen gryr, er dei borte.

Slik går det dei som plyndrar oss,

slikt utbytte får dei som ranar oss.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help