Salmane 138 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 82,1+ Av David.

Eg vil takka deg av heile mitt hjarte,

syngja og spela framfor gudar.

2 5,8; 18,50f Eg bøyer meg mot ditt heilage tempel,

eg prisar ditt namn for di miskunn og din truskap.

Du har gjort ditt namn og ditt ord

større enn alt.

3Du svara meg den dagen eg ropa,

du fylte meg med styrke.

4 68,30+ Alle kongar på jorda skal takka deg, Herre,

når dei høyrer orda frå din munn.

5Dei skal syngja om Herrens vegar,

for Herrens herlegdom er stor.

6 113,5f+ Høg er Herren, men han ser den låge

og kjenner den stolte på lang avstand.

7 17,7; 21,9 Går eg i trengsle, held du meg i live,

du retter handa ut mot mine arge fiendar,

di høgre hand bergar meg.

8 57,3; 106,1+ Herren skal gjera vel mot meg.

Herre, di miskunn varer evig.

Svikt ikkje ditt verk!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help