Johannes 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Den sjuke ved Betesda

1Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem.

2Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar.

3Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. °Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle,

4for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.

5No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.

6Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»

7«Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»

8Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.

Men det var sabbat den dagen.

10Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig.

32Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann.

331,19ffDe sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga.

34Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste.

35Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans.

36 10,25.37f; 14,11 Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.

378,18; 1 Joh 4,12Ja, Far som har sendt meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, hans skapnad har de aldri sett,

38og hans ord lèt de ikkje bli verande i dykk. For de trur ikkje på den han har sendt.

39Luk 24,27+; Joh 1,45+De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg!

40Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.

41Eg tek ikkje imot ære av menneske.

421 Joh 2,15; 3,17Tvert imot, for eg kjenner dykk og veit at de ikkje har Guds kjærleik i dykk.

43Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, tek de imot han.

4412,43Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre og ikkje søkjer ære hos den einaste Gud?

45 5 Mos 31,26 Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til.

461 Mos 49,10; 5 Mos 18,15; Luk 16,31For hadde de trudd Moses, hadde de òg trudd meg, for det er om meg han har skrive.

47Men når de ikkje trur skriftene hans, korleis kan de då tru orda mine?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help