1. Peter 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Forsamlinga og hyrdingane

1 Dei eldste mellom dykk legg eg dette på hjartet, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast:

2Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.

3De unge skal underordna dykk dei eldste. Og for kvarandre skal de alle vera kledde i eit audmjukt sinnelag. For

Gud står dei stolte imot,

men dei audmjuke gjev han nåde.

6 Med hjelp frå Silvanus, som eg held for ein påliteleg bror, sender eg dette vesle brevet eg har skrive for å setja mot i dykk og vitna om Guds sanne nåde. I den må de bli ståande.

13 Syster dykkar i Babylon sender si helsing, ho som er utvald saman med dykk. Det same gjer Markus, son min.

14 Rom 16,16; 1 Kor 16,20; 2 Kor 13,12; 1 Tess 5,26 Hels kvarandre med kjærleikens kyss!

Fred vere med dykk, alle som er i Kristus!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help