Klagesongane 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Tredje songAlefא

1Eg er ein mann som har opplevd naud

under staven han brukte i sinne.

2Han har ført meg og late meg gå

i mørker og ikkje i lys.

3Han har vendt handa mot meg

gong på gong, utan stans.

Betב

4 Eg seier: Herren er min del,

eg set mi von til han.

Tetט

25 Sal 40,2; 42,6 Herren er god mot dei

som ventar på han og søkjer han.

26Det er godt å vera stille

og venta på hjelp frå Herren.

27 Sal 94,12 Det er godt for ein mann

å bera åk medan han er ung.

Jodי

28Når det blir lagt på han,

skal han sitja einsam og teia,

29leggja munnen i støvet,

kanskje er det von.

30 Sal 123,3f; Jes 50,6; Matt 5,39 Han skal snu kinnet til den som slår,

og mettast med spott.

Kafכ

31Herren støyter ingen bort

for alle tider.

32 Jes 54,8 Har han late nokon lida,

skal han visa miskunn, rik på kjærleik.

33 Esek 33,11 Det er ikkje med lett hjarte

han plagar mennesket og lèt det lida.

Lamedל

34Dei kan trakka på

alle fangar i landet.

35Dei kan krenkja retten til ein mann

for auga på Den høgste.

36Dei kan fordreia saka til eit menneske,

men Herren har sett det.

Memמ

37 Sal 33,9; Am 3,6 Kven kan tala så det hender

om ikkje Herren har bode det?

38 Jes 45,7 Kjem ikkje både vondt og godt

frå Den høgstes munn?

39Kvifor klagar den som lever?

Kvifor klagar ein mann over si synd?

Nunנ

40 Jes 55,7 Lat oss ransaka og prøva våre vegar

og venda om til Herren!

41Lat oss lyfta hjarte og hender

til Gud i himmelen!

42 1,18 Vi har gjort opprør og vore trassige,

og du tilgav ikkje.

Samekס

43Du dekte deg med vreide og jaga oss,

du drap, du sparte ingen.

44 Jes 1,15; 59,12 Du dekte deg med skyer,

inga bøn rakk fram.

45Du gjorde oss til skrap og skrot

mellom folka.

Peפ

46Alle fiendane våre

gapar mot oss.

47 Jer 48,43 Det vart gru og grav,

krasing og knusing.

48 Jer 9,1; Klag 1,16 Tårer strøymer frå auget,

folket, mi dotter, er knust.

Ajinע

49Auget fløymer over utan stans,

det tek ikkje slutt

50 Jes 63,15 før Herren vender blikket

og ser ned frå himmelen.

51Det gjer vondt å sjå

kvinnene i byen min.

Tsadeצ

52Utan grunn har mine fiendar

jaga meg som ein fugl.

53 Jer 38,6 Dei dreiv meg ned i brønnen

og kasta stein over meg.

54 Jona 2,4–6 Vatnet stig over hovudet mitt,

eg seier: Det er ute med meg.

Qofק

55 Sal 18,4–7; Jona 2,3 Eg kallar på ditt namn, Herre,

frå botnen av brønnen.

56Du har høyrt meg,

lukk ikkje øyret når eg ropar om lindring!

57 Sal 145,18 Du kom den dagen eg ropa,

du sa: Ver ikkje redd!

Resjר

58Du har ført saka mi, Herre,

du har løyst ut livet mitt.

59Du har sett kva urett eg lid,

Herre, hjelp meg til min rett!

60Du har sett hemnlysta deira,

kva for planar dei har med meg.

Sjinש

61Du har høyrt spotten deira, Herre,

kva for planar dei har mot meg.

62Uvenene mine tiskar og kviskrar

om meg dagen lang.

63 3,14+ Sjå dei der dei sit og står,

dei syng nidviser om meg.

Tawת

64 Sal 94,2; Jer 51,56 Herre, lat dei få som fortent

for det dei har gjort.

65Lyft di forbanning over hjartet deira

som eit skjold.

66 Sal 79,6 Jag dei i vreide og rydd dei ut

under Herrens himmel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help