Jeremia 46 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Egypt

1 Om Egypt.

Om hæren til farao Neko, kongen i Egypt, som stod ved Karkemisj ved elva Eufrat, og som vart slegen av Babel-kongen Nebukadnesar i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:

3Gjer rundskjold og langskjold i stand

og rykk ut til strid!

4Sel på, stig til hest, de ryttarar,

still opp med hjelmane på,

gjer spyda blanke, ta brynjene på!

5Men kva må eg sjå?

Dei blir gripne av skrekk

og trekkjer seg tilbake.

Krigarane deira blir slegne,

dei flyktar utan å sjå seg tilbake.

Redsle rår på alle kantar,

seier Herren.

6 Fram, hestar! Av stad, vogner!

Krigarar skal rykkja ut,

Kusj og Put som ber skjold,

og dei frå Lud som spenner bogen!»

10 Kunngjer det i Egypt,

lat det høyrast i Migdol,

lat det høyrast i Nof og Tahpanhes!

Sei: Still opp og gjer deg klar!

For sverdet øyder rundt ikring deg.

15 Kvifor flykta Apis, din sterke okse?

Han kunne ikkje stå imot,

for Herren har drive han bort.

16 Herren over hærskarane, Israels Gud, seier: No vil eg straffa Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han.

26Esek 29,13ffEg gjev dei i hendene på dei som står dei etter livet, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel og tenarane hans. Men sidan skal ho bu i landet som i gamle dagar, seier Herren.

27 30,10ff Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

seier Herren,

mist ikkje motet, Israel!

For sjå, eg bergar deg frå fjerne stader

og ætta di frå landet der ho er fanga.

Jakob skal venda attende

og leva roleg og trygt,

og ingen skal skremma han.

28 10,24 Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

seier Herren,

for eg er med deg.

Eg gjer ende på alle folkeslaga

som eg har drive deg bort til,

men deg gjer eg ikkje ende på.

Eg tuktar deg med rette

og lèt deg ikkje sleppa straff.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help