Ordtaka 7 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Annan manns kvinne

1Son min, ta vare på orda mine,

gøym boda mine hos deg!

2 Sei til Visdomen: «Du er syster mi»,

kall innsikt for din nære slektning.

5 «Eg hadde lova å bera fram eit fredsoffer,

i dag har eg halde lovnaden min.

15Difor gjekk eg ut for å møta deg,

eg leita etter deg og fann deg.

16Eg har lagt teppe på senga mi,

fargerikt lin frå Egypt,

17 og over leiet har eg strødd

myrra, aloe og kanel.

18Kom, lat oss drikka djupt av kjærleiken,

fryda oss i elskhug til morgonen gryr.

19For mannen min er ikkje heime,

han er ute på langferd.

20Pengepungen tok han med seg,

først ved fullmåne kjem han heim.»

21Ho overtala han etter beste evne,

med glatte lepper forførte ho han.

22 Han følgjer etter henne med det same,

lik ein okse dei fører til slakting,

lik ein hjort som går rett i fella,

23til pila borar seg inn i levra.

Han liknar fuglen som flyg mot snara,

han skjønar ikkje at det gjeld livet.

24Så høyr no på meg, søner,

lytt til orda frå min munn!

25Lat ikkje hjartet venda seg til hennar vegar,

villa deg ikkje inn på stigane hennar!

26For ho har gjeve banesår til mange,

talrike er dei ho har felt.

27 2,18+ Huset hennar er vegen til dødsriket,

ned til dødens salar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help