1 Herrens ord kom til meg i det niande året, på den tiande dagen i den tiande månaden:
2Menneske, skriv opp namnet på denne dagen, nettopp denne dagen! For kongen av Babel har rykt fram mot Jerusalem på nettopp denne dagen.
3Du skal sukka stilt, men du skal ikkje halda sørgjehøgtid over dei døde. Bind turbanen på deg og ta sandalar på føtene! Løyn ikkje skjegget, og et ikkje brødet folk kjem med!
18Eg tala til folket om morgonen, om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var pålagd.
19Då sa folket til meg: «Vil du ikkje fortelja oss kva dette har med oss å gjera? Kvifor gjer du det?»
20Eg svara: Herrens ord kom til meg:
21Sei til Israels hus: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, dykkar stolte vern, det som gjev auga glede og som sjela lengtar etter. Sønene og døtrene som de lét vera att, skal falla for sverd.
22Då skal de gjera som eg har gjort: Løyn ikkje skjegget, et ikkje brødet folk kjem med!
233 Mos 26,39Bind turbanen om hovudet, ta sandalar på føtene! Sørg ikkje, gråt ikkje! De skal visna bort i syndene dykkar og stønna til kvarandre.
2412,6.11Esekiel skal vera eit varsel for dykk. Alt han har gjort, skal de òg gjera. Når dette hender, skal de kjenna at eg er Herren Gud.
25Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det som gjev auga glede og som sjela ber på, sønene og døtrene deira,
2633,21ffden dagen skal den som slepp unna, koma til deg og la deg få høyra om det.
273,26; 33,22Den dagen skal munnen din opnast framfor den som slapp unna. Du skal tala og ikkje lenger vera mållaus. Du skal vera eit varsel for dei, og dei skal kjenna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.