Salmane 145 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Ein lovsong av David.

Alefא

Eg vil opphøgja deg, min Gud og konge,

og velsigna namnet ditt til evig tid.

Betב

2Eg vil velsigna deg kvar dag

og lovsyngja namnet ditt til evig tid.

Gimelג

3 Du er konge gjennom alle tider,

du herskar frå slekt til slekt.

Nunנ

°Herren er påliteleg i alt han seier,

trufast i alt han gjer.•

Samekס

14 37,17.24; 146,8; 147,6 Herren støttar alle som fell,

og reiser alle nedbøygde opp.

Ajinע

15 104,27+ Alle auge ventar på deg,

og du gjev dei mat i rett tid.

Peפ

16Du opnar di hand

og mettar alt levande med det gode.

Tsadeצ

17 Herren er rettferdig på alle sine vegar,

trufast i alt han gjer.

Qofק

18 91,15+ Herren er nær alle som kallar på han,

alle som kallar på han i sanning.

Resjר

19 37,4; Ordt 10,24 Til dei som fryktar han, gjev han det dei ønskjer,

han høyrer deira rop og frelser dei.

Sjinש

20 Herren vaktar alle som elskar han,

men utryddar alle lovlause.

Tawת

21 148,7ff Min munn skal lovprisa Herren,

alt som lever, skal velsigna hans heilage namn til evig tid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help